Tyrving – Friidrett

Åpent dommerkurs i kappgang

Kappgangutvalet ønsker alle friidrettsinteresserte til dommerkurs i kappgang,

Tysdag 17. desember 2013, kl 18.00-20.00, på Norges Idrettshøgskole, rom 106 (Hakloa).

Alle som kan tenke seg å lære meir om kappgang (som er ei øving i friidrett!), er hjarteleg velkomne! Vi oppfordrer spesielt kretstrenarar som enda ikkje har dommerkurs i kappgang, til å komme! Det er dessverre få på austlandet som har dommerkurset i kappgang. Dette fører til at øvingsutvalget på lokale og regionale stevner er redusert, og dei som ønsker å konkurrere i øvinga dessverre vert ekskludert.

Det er ny regel som trer i kraft over nyttår som seier at alle kretsdommarar også skal dømme kappgang. Det vert over nyttår arrangert kretsdommerkurs der kappgang er inkludert (mest truleg), men på det kurset 17. desember vil det bli ein grundigare gjenomgang (grunna meir tid).

Kappgang er ei lita øving med forholdsvis få utøvarar. Dette har dei to siste åra snudd, og det er aukande interesse for øvinga! Kappgangutvalet jobbar mykje for å gjere idrettsgreina kjent for flest mulig. Ved å ta dette kurset kan du introdusere kappgang for barn og unge i din klubb, og vere med på å løfte idretten.

Kurshaldarar: Arild Fotland og Kristiane Utheim Rygg

Påmelding til Kristiane Utheim Rygg på mail: k-ry@online.no, innan 15. desember

Om det er spørsmål om kurset, så ta gjerne kontakt

 

Om klubben din ønsker å introdusere born/ungdom /vaksne for kappgang, men ikkje har kompetanse, så ta konktakt med meg på mail/mobil. Eg kjem gjerne ut i klubbane og har lynkurs i kappgang, og oppfølging, om det er ønskelig.

 

 

 

Mvh

Kappgangutvalet

v/Kristiane Utheim Rygg

Tlf.: 90168269